Funnområdet strekkjer seg omlag frå den øvste krossen i berget og kring 20 m nedover (vestover). Dalføret er kring 30-40 m breitt og funna ligg spreidde i heile breidda. Mykje av funna kjem frå eit område omlag 5 m S for ein markert knaus som ligg NO for nemnde kross i berget. Ein einegga pilespiss vart funnen kring 10 m lenger oppe. Prøvestikk gav flint i gruslaget undet eit tynt torvdekke.