Utsjånad:1) Haugen fk.nr. 6/1 er 15 m i tverrmål og 1 m høg. Han er bygd av opp til 0,5 m stor stein og har torvdekke, men der ligg stein i dagen i toppen, der det er eit ca. 3 m vidt, grunt søkk. I sørvestlege del ligg ei 1,30x1,80 m stor, flat steinblokk. Det er fotkjede, men han er broten i O. Fotkjeda ligg fritt rundt haugkanten, ikkje i sjølve kanten. Det står ei stor selje på toppen av haugen, og der veks bjørk, rogn og litt einer.2) Haugen fk.nr. 6/2 ligg 16-17 m O for fk.nr. 6/1. Han tykkjest vera oval, tverrmålet er 6 m N-S og 8-9 m O-V, høgdemålet er ca. 0,5 m. Haugen verkar omrota. Han er bygd av stein og har mose- og lyngtorvdekke, og ter seg som ei samling lyngtuer. Same slag vegetasjon finst og i det tuete terrenget nærmast kring haugen.Dette gjer det vanskeleg å fastslå nøye kvar avgrensinga av haugen går i austlege og vestlege kant. Der veks litt rogn og einer på haugen.