A) Dyregrav med leiegjerde. Mot nord bratt fjellvegg, mot sør skrent. Der dyregrava ligg, er det einaste framkommelege passasje aust-vest. Grava er ca 90 cm brei og 1,70 meter lang. Djupna ser ut til å ha vore ca 1,50 m. Men muren på den nordlege sida har rasa delvis ned, difor er det vanskeleg å anslå den opphavelege djupna. Leiegjerda er slik plasserte at dei stenger heile passasjen mellom fjellveggen og skrenten. Gjerda er 8-12 meter lange. Høgda er berre unntaksvis meir enn 30 cm. B) Steingjerde, ca 40 m vest for dyregrav går passasjen over i eit lite pass med bratt stigning i terrenget både mot nord og mot sør. Her er det bygd eit lavt steingjerde som delvis stenger passet. Midt i passet ligg det ei stor steinblokk. C) Heller. Ca 20 m aust for dyregrava er det ei samling med store seinblokker. 2 av desse dannar ein heller eller ei hule med opning i begge endar. Mot aust er opningen delvis attmura med stein. Inne i hellaren låg det ein liten haug med einer-kvistar og 2 deler av reinsdyrhorn.