Rundrøys. Vekslande markert, nokså godt synleg. Delvis lyngkledd, litt einer og nokre små lauvtre. Mykje stein syner.Oppgravt i midten der det er eit gravkammer orientert VNV- ASA. Langveggene er turrmura av tynne heller mens gavlane består av ei kantreist helle. SSV langvegg og VNV sida ligg ei helle som har dekka kammeret. l .1,95 m, br. 0,75 m og tjukkne 0,15 m. Hella har før vore heil, men er nå delt i to. Kammeret er 2 m l. og har truleg ikkje voreover 0,65 m br., målbar djupne 0,45 m. Det vart rota i kammeret i 1977. Eigaren sette då opp skilt med tekst:Advarsel/ rør ikke/ museet inkoblet. Det er likevel rota i kammeret etter den tid slik at kammer og dekkhelle vart øydelagt og det indre omrota. Dekkhella vart lagt på plass 27/7-78. Under ein liten skrent i S ligg ein god del utkastastein, kanten er også ein god del skada her. Spor av fotkjede i ASA. D. 11-13 m, h. ca 0,8 m.