Anlegget består av 1 hustuft, 1 innhegning og minst 25 rydningsrøyser.Hustufta ligg i N kant av anlegget, den er delvis klart markert og godt synlig, men avgrensinga ved SV gavl er usikker. Lyng og graskledd med nokre få bjørketrær. Ein del stein synlig i veggene som er 1,5-2 m br., 0,2-0,6 m h. Synes nokså urørt.Orientert NA-SV. L. ca 18 m, br. ca 7 m.Innhegninga ligg mellom to store steinar i N del. Den største steinen ligg i V kant og danner eine veggen, den gir godt ly og er ca 3 m h. Mellom steinane ein torv- og lyngkledd mur, br. ca 1 m, h. 0,7 m. Orientert NNA-SSV. L. ca 6 m, br. ca 4,5 m. Rydningsrøysene ligg spredt over det heile, de fleste runde, andre kan være nokså formlause. Dei er vekslande markert og synlige. Torv- og lyngkledde ofte med einer og bjørk. Synlige steinar. D. 2-6 m, h. 0,2-0,6 m.