Med utgangspunkt i funnmaterialets ulike tidsfastsetting er det her tale om ein lokalitet med ei tredelt lagfølgje. Det djupaste laget har ei utbreiing på 161 m2, er 35 cm tjukt og er samansett av grus. Over dette laget kjem eit lag med ei utbreiing på heile 456 m2 og som er 39 cm tjukt. Dette er også samansett av grus. Øvst ligg eit 10 cm tjukt gruslag, men dette har ei utbreiing på berre 30 m2. Av eit samla funnmateriale på 241 funneiningar, er det 40 funneiningar som klart høyrer heime i tidleg eldre steinalder og 126 funneiningar som klart høyrer heime i sein eldre steinalder. Resten av materialet er vanskeleg å fordela sikkert mellom desse to periodane og dessutan høyrer noko heime i tidleg yngre steinalder.