Flint fanst i markoverflata, med ein tydeleg konsentrasjon omlag 15 m SV for ei markert, spiss flyttblokk. Prøvestikk i same avgrensa området stadfeste inntrykket av ein funnkonsentrasjon her. Funna låg i eit 12-15 cm tjukt moldlag, like under lyngtorva. Det vart funne 88 avslag, alle av flint Nokre var noko tildanna (retusjerte). Deretter kom eit gruslag som var funntomt.