Røysa er 9 m i tverrmål og opp til 1,5 m høg på nordsida. Røysa er bygd av 0,1 - 0,5 m store steinar/blokker. Grunna utkasting, stikk det ein del steinar i dagen i den søraustre delen av røysa, og ho er her dårleg markert i forhold til omgivnaden. Røysa er overvaksen av grastorv, mose og lyng, og i den sørvestre kanten veks det ei lita rognebuske.