Den vestlegste av røysene, som ligg nærmast sjøen, er ei langrøys (Fetts fk. 5/2). Røysa måler 13 x 4,5 m, er helt låg og er orientert O-V. Ho er bygd av runda steinar/blokker, 0,3 - 0,6 m store. Steinane/blokkene er sterkt mosevaksne og innimellom veks litt gras, bregne og lyng. Sørkanten av røysa er markert med blokker som er ein del større enn gjennomsnittet for røysa elles. I austre del av røysa ligg ei stor steinblokk, 1,5 m kvar veg. Røysa er godt markert og syner godt i lendet når ein kjem inn på ho. Få meter O for langrøysa på den høgaste knausen på Kumleneset, ligg ei anna røys (Fetts fk. 5/1). Ho måler 10 m i tverrmål og er omlag 0,5 m høg. Ho er bygd av runda steinar/blokker, 0,2 - 0,5 m store, som idag er sterkt tilvaksne med mose og gras. På røysa veks det mykje lauvkratt og bregne.