Gropesteinen A1 ligg 14,5 m SV for det nordaustre hjørnet av den innegjerda teigen til bnr. 24 og 6 m frå bekken. Steinen måler 3 x 3,5 m og er 1 m høg. Han er flat på toppen og dei fleste gropene ligg her. Her er omlag 30 groper. Dei er 3-5 cm i tverrmål og 2-6 cm djupe.Gropesteinen A2 ligg 23 m NO for stein 1. Han er 1,5 x 1 m vid og 1 m høg.I austre del av steinen er 9 groper. Dei er 2-5 cm i diameter og 1-4 cm djupe.