Åkerområdet på øydegarden var for ein stor del dekka av 1 m høge bregner, og det var ikkje mogeleg å avgrensa åkerjorda. Åkeren må liggja innanfor eit område som er 200 m langt NV-SO og 100 m O-V. Nokre rydningsrøyser var synlege, og det er tydeleg at store deler av åkerjorda er rydda for stein. Under det hellerliknande bergpartiet og ved foten av skråninga ligg nokre murfundament for hus, men det kan sjå ut til at dette er restar etter uthus frå nyare tid. Gardshusa er ikkje lokaliserte. To gravrøyser ligg på berg i utkanten av åkerjorda. 50 m vest for det hellerliknande bergpartiet og 40 m aust for bekken på ein låg knaus ligg ei steinsamling som er 8 x 6 m vid, orientert O-V, og ca. 0,5 m høg. Steinsamlinga er tilvaksen med lyng og eine og er ikkje klårt avgrensa. Ho vart først registrert som hustuft, men er truleg gravrøys. 75 m sør for det hellerliknande bergpartiet og 40 m vest for bergveggen, ca. 20 m sør for kanten av åkerjorda på eit nesten flatt berg ligg ei tydeleg gravrøys som er 5 m i tverrmål og 0,5 m høg. I austre kant er det synleg eit gravkammer med dekkhella på plass. Garden er ikkje nemnd i skriftlege kjelder. Namnet Øyjorda og åkerryddinga tyder på bruk i mellomalderen, men gravrøysene syner også mot bruk i romartid/folkevandringstid.