Røysa er kring 10 m i tverrmål og 0,5 m høg. Røysa er omrota og mykje stein er fjerna, slik at innanfor dei lyngvaksne kantane ligg eit heller flatt dekke med 15-40 cm store steinar/blokker. Desse er tildels mose-og lyngvaksne. På røysa veks nokre brakebusker og eit par små rognekratt.