Fornminne 1: Kolgrop ca 65 m NV for hytte på Fosshaug støl. Gropa har ein rund voll, ca 20 cm høg. Største diameter ca 7 m. Inne i gropa er antydning til ei kvadratisk forsenkning ca 180 x 180. Ca 90 cm djup frå botnen til toppen av vollen. Fornminne 2: Mogleg smietuft ca 30 m aust for grop 1. Ei seinsetting på omlag 2 x 2 m i kvadrat. Steinane er omkasta slik at steinsettinga ikkje lenger erheilt intakt. I mosen rundt steinsettinga ligg små slaggklumpar. Grunneigaren, Per G. Rust har funne brente seinar i tufta. Ca 20 m vidare mot aust frå tuft 2: Fornminne 3: Kolgrop med ein rundaktig voll rundt. Største diameter er ca 6 m, vollen rundt er ca 30 cm høg. Dybde ca 90 cm. Inne i gropa er entydning til ei kvadratisk forsenkning ca 2 m x 2 m. Etter eit tidlegare spadestikk i botnen på kolgropa er kol kome til syne.