• 4686

    id
    • 4686
    datafangstdato
    • 1984-08-14T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T18:59:28Z
    informasjon
    • Samlinga er om lag 40 m SSO-NNV og om lag 8-30 m O-V.Røysa fk.nr. 2/2, er om lag 8 m i tverrmål og 0,75 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker, 0,15 - 0,60 m store. Røysa er dekt av grastorv og mose og berre einskilde steinar/blokker ligg synlege. I sentrum av røysa er eit om lag 2 x 2 m vidt og 0,3 m djupt søkk. Nokre steinar/blokker ligg utkasta i SV og NV. Røysa er tilvaksen med nokre bjørketre og brakebusker. Ho er klårt markert og syner godt i lendet.Røysa fk.nr. 2/3, ligg kant i kant med (S for) røysa fk.nr. 2/2. Røysa er om lag 14 x 6 m, orientert N-S. Høgda er om lag 0,5 m. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,2-0,7 m store, dei fleste overgrodde med tjukk mose. I sentrum er eit om lag 1,5 m vidt og heller grunt søkk. Røysa er tilvaksen med nokre brakebusker og to bjørketre i kvar ende. Røysa er klårt markert og syner godt i lendet.Røysa fk.nr. 2/4, ligg om lag 2 m SSO for røysa fk.nr. 2/3. Røysa, som vert kalla Kjemperøysi, er om lag 16 m i tverrmål og kring 2 m høg målt i S. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,2-0,9 m store. Steinane/blokkene er noko tilgrodde med mose og grastorv, særleg i vestre delen av røysa. Sentralt i røysa er eit søkk, om lag 2,5 m vidt og kring 0,8 m djupt. I søkket står ei helle på kant. Ho måler 1,0 x 0,8 m og er om lag 7 cm tjukk. I SO ligg ei helle orientert SSO-NNV, ho måler 1,3 x 0,8 m og er om lag 10 cm tjukk. I nordvestre kant av røysa står eit stort grantre og ho er elles tilvaksen med bjørketre i kantane. Røysa er relativt klårt markert og syner særs godt i lendet.Røysa fk.nr. 2/5, ligg om lag 4 m V for røysa fk.nr. 2/4. Røysa er om lag 10 m i tverrmål og heilt låg. Ho er mest heilt tilgrodd med mose og grastorv, men ein kan kjenne steinar/blokker under vegetasjonsdekket. Ei kantkjede viser tydeleg i S med blokker opptil 1 m store. I NNO står eit stort grantre.Om lag 12 m NNV for nordvestre hjørnet av markaløa på Langeteigen, om lag 2 m V for den N-S gåande steingarden, ligg ei mogeleg gravrøys. Ho er om lag 6 m i tverrmål og kring 0,5 m høg. Røysa er heilt dekt med mose og grastorv. Røysa er uklårt markert, men syner heller godt i lendet.Om lag 10 m O for røysa fk.nr. 2/4 ligg det ein rest etter ei mogeleg gravrøys. Røysa ligg på kanten av ei lita flate og syner no berre i SO. Røysa har truleg vore om lag 10 m.
    kommune
    • 4644
    kulturminneId
    • 35876
    lokalId
    • 4686
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217