Haugen som vert kalla "Hansahaugen", er kring 21 m i tverrmål, opptil 3 m høg og heilt tilvaksen med grastorv. Toppen av haugen er avskava. Frå SV går det eit kring 10 m langt, 8 m breitt og 1,5 m djupt krater innover mot sentrum av haugen. Skykkja til Gustav Nes står i kanten av haugen der krateret byrjar. På toppen av haugen og i og ved krateret stikk det fram ein del 0,1-0,4 m store steinar/blokker. I nordvestre kant av haugen står to grantre og det veks elles litt lauvtre, klunger og nokre kirsebærtre på haugen. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Tilstanden er mykje som skildra i 1981, men no har det vorte bygd terrasse på eit av utleigehusene til Trygve Nes, som går inn mot haugen sin fredningssone og som uroar miljøet rundt det freda kulturminnet.