Røysa fk.nr. 2, Homannhaugen, er kring 15 m i tverrmål og godt 2 m høg. I toppen er eit 6 m vidt og 1 m djupt søkk. Røysa er bygd av 5-40 cm store steinar/blokker, og kring kantane rundt krateret ligg det også ein del grus. I sørvestre kant er det kasta innpå noko åkerstein. Langs kantane veks ein del større bjørker, 2 rognebusker og eit heggekratt.