Samlinga har nærast trekanta form, med den breie enden mot VSV og spissen mot NNO. Alle haugane er grasdekte med ein god del busker på toppen. Det er også eit par tre på haug Fetts fk.nr. 2/4. Han er om lag 7 m i tverrmål, og det kan sjåast ei helle i han like under torva. Haug Fetts fk.nr. 2/3 er den minste, om lag 4 m i tverrmål. Elles er han grasdekt med nokre busker. Alle haugane er låge, under 0,5 m høge.