Røysa er 26 - 32 m i tverrmål, orientert ONO - VSV. Sett frå N er røysa opp mot 5 m høg. Høgda på sørsida er om lag 3 m, grunna det hallande lendet. Ho er bygd opp av svært usortert materiale, - frå grov grus til blokker kring 1 m store. Steinane/blokkene er stort sett skarpkanta. Røysa er delvis tilgrodd med mose, gras og lyng og einskilde einebusker. I røysa er det fleire sår. 3 av desse er svært markerte, eit i SV, eit i NO og eit om lag i sentrum. Ingen av desse kratera går til botn. Ein kan truleg ikkje sjå heilt bort frå at røysa kan vere naturleg.