Røysa er 5 m i tverrmål og 0,75 - 1,00 m høg. Midt i røysa er eit 2,5 m vidt søkk heilt til botnen. Steinane/blokkene frå søkket er lagt opp langs kantane slik at røysa no verkar høgare enn ho opphavleg har vore. Røysa er bygd av 0,1 - 1,0 m store steinar/blokker som er nakne, bortsett frå ein del mose og lyng langs kantane. Ut frå røysa si plassering, nedanfor ein bergknaus og i kanten av ei storsteinstrand, er ikkje tolkinga som gravrøys heilt viss. NB! 20 m SSO for røysa, i nordvestre kant av ein knaus og i ei skòre nedanfor, stikk ein del steinar/blokker i dagen over mosen og lyngen. Dette kan vera restane av ei gravrøys som er blitt utkasta mot NV.