Gravrøysa som vert kalla "Kongerøysa", er om lag 14 m i tverrmål og kring 1,50 m høg. Røysa er dekt av tjukk grastorv med unnatak i NV der ho er noko utkasta. Her ligg det steinar/blokker, 0,10-0,60 m store. Av di graset ikkje lenger vert slege, er røysa no noko overgrodd og skil seg ikkje særskild ut frå lendet i kring.