Haugen som vert kalla "Sethaugen" er kring 12 m i tverrmål, opptil 2 m høg og tilvaksen med grastorv. Ein del 0,2-0,4 m store steinar/blokker stikk fram i dagen. Like NO for sentrum av haugen er det eit 0,8 m vidt og 0,4 m djupt søkk. Det veks nokre bjørketre på haugen. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Tilstanden til haugen har ikkje endra seg.