Samlinga som inneheld tre røyser og ei steinsetjing, ligg innan eit område som måler kring 35 m NNO-SSV og er opptil 16-17 m breitt. Røysene fk. nr. 2/1, 2 og 4 ligg om lag på line, medan steinsetjinga fk.nr. 2/3 ligg like NV for fk.nr. 2/4.Røysa fk. nr. 2/1 er kring 15 m i tverrmål. Sett frå S er røysa opptil 2 m høg, medan høgda i N er knapt 1 m. Røysa er bygd av 0,1-0,6 m store steinar/blokker som for det meste ligg i dagen. Langs kantane er røysa dekt av mosetorv og tilvaksen med lyng og ein del sprakebusker. I sørlege del av røysa veks nokre lauvtre. Røysa er noko utkaste i midten. Avgrensinga av røysa er heller klår og ho er svært godt synleg i lendet.Røysa fk. nr. 2/2 ligg 3 m SSV for fk. nr. 2/1. Ho måler 9 x 6 m, orientert VNV-OSO, og er kring 0,5 m høg. Ho er for det meste tilvaksen med mosetorv, lyng og einer, men 0,1-0,4 m store steinar/blokker ligg i dagen i sørlege og vestlege del av røysa. I sørlege del av røysa ligg også ein del større blokker, den største av desse er ikring 0,8 x 0,8 m. Røysa er noko uklårt markert og ikkje så godt synleg i lendet.Steinsetjinga fk.nr. 2/3 ligg 3 m VSV for fk. nr. 2/2. Ho er klårt avgrensa i V der det ligg ei 7,5 m lang rad med tett lagde blokker, orientert N-S. Blokkene måler 0,4-0,6 m. Mot dei 3 andre himmelretningane er avgrensinga noko uklår. Breidda O-V kan vera 5-6 m. Austre avgrensing kan ha samanheng med ei 1,5 x 1,5 m stor steinblokk. Innan vestlege halvdel av stensetjinga er det eit grunt søkk med spreidde 0,4-0,5 m store blokker, medan det mot O ligg heller tett med 0,1-0,4 m store steinar/blokker. Elles er steinsetjinga for ein stor del tilvaksen med mose, lyng og einer. Steinsetjinga kan vera botn av ei gravrøys eller ei hustuft.Røysa fk. nr. 2/4 ligg kring 2 m SO for fk. nr. 2/3. Ho er 6-7 m i tverrmål og heilt låg. Røysa er tilvaksen med mose og gras, men ein kan merka steinane under torva. Markeringa av røysa er særs uklår.