Lokaliteten strekkjer seg over heile den gras/lyngkledde bakken. Her vart teke fire prøvestikk: A: Midt på flata gav eit prøvestikk funn 15 cm under overflata frå toppen av gamal strandgrus og 15 cm ned i denne. B: Prøvestikk 15 m rett V for bakre del av det austre bergskjeret var funnførande 30 cm under overflata i strandgrus. Funnførande lag var 16 cm, noko kolblanda på botnen. C: Prøvestikk øvst i bakken der denne går over i fjell, gav funn 10 cm under overflata i eit brunleg jordlag utan spor av kol. Funnførande lag 2-3 cm. D: Prøvestikk 10 m N for B, gav funn 15 cm under torva i eit gruslag. Det funnførande laget var her 12 cm.