Anlegget består av 1 muligens 2 hustufter, 3 rundrøyser og 2 langrøyser.I SV del hustuft, klart markert, men lite synlig. Torv- og graskledd. I NA kant er nokre store steinar synlige i veggen som er ca 1 m br., 0,5-0,7 m h. Tufta tykjest å ha tre rom alle med inngang frå SA, og måler ca 4 x 4 m i kvadrat. Synes urørt.1 m fra SV gavl ligg murane etter ein nyare mjølkestol ca 5 x 6 m i utstrekning. Tufta er orientert NA-SV. L. 16 m, br. 6 m.Ca 25 m SA for tufta er en uklar tuftlignande formasjon overgrodd av høg lyng. Orientert NV-SA. L. 19 m, br. 7 m. Hustuft? Rundrøysene ligg spredt over heile anlegget, dei er klart markerte, godt synlige. Delvis torv-, gras- og lyngkledde. Mykje stein synlig. To av røysene er omrota og mykje stein er fjerna, ei er nokså godt bevart. D. 8-11 m, h. 1-1,5 m. Langrøysene ligg i NA del, dei er vekslande markert og synlige. Delvis torv-, gras- og lyngkledde med synlige steinar. Omrota langs midtlinja. Orientert A-V og NV-SA. L. 13 og 4 m, br. 4 og 3 m, h. 0,3-0,5 m.