Røysa er 15 m i tverrmål og 2 m høg. Ho er bygd av 15 - 50 cm store steinar/blokker. Berget stikk i dagen i austre kant. Røysa er ein del utkasta, og V for sentrum er eit 2 m vidt og 0,5 m djupt søkk. Heilt i nordre kant er eit 2 m vidt og 1 m djupt søkk, spreidd her og der i røysa. Særleg på dei grunnaste partia ligg nokre få 80 - 90 cm store blokker. Røysa er i det alt vesentlege tørr, men i toppen og nordvestre kant veks ein del lyng. NO for røysa står tre store rognetre. SV for røysa veks gras, lyng og rognetre.