Røysa er kring 12 m i tverrmål og kring 2 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker frå 0,1 - 1,0 m i storleik. Steinane/blokkene ligg i dagen med unnatak av kantane som er dekte med røsslyng og mose. I austre kant veks det og nokre grantre. I midten av røysa er det eit krater, orientert NNO-SSV, kring 4 m langt, 2 m breitt og 1 m djupt på det djupaste. Røysa er heller klårt markert, men er ikkje særskilt godt synleg i terrenget pga. vegetasjonen.