Gravfeltet strekkjer seg 50 m N - S, 50 m O - V og 75 m SV - NO. Røysa, Fetts fk.nr. 2/15 ligg lengst S. Ho ligg 10 m frå der den gamle stien svingar inn i plantefeltet opp mot Varden på bnr. 11/7. Røysa er 4 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg. I midten er eit 2 m vidt og 0,3 m djupt søkk. Ho er tilvaksen med grastorv, men er klårt avgrensa. I sørvestre del står eit furutre.Røysa, Fetts fk.nr. 2/2, avgrensar gravfeltet mot NV. Røysa er 6 m i tverrmål og 0,5 m høg. Ho hallar mot O. I midten er eit 2 m vidt søkk. Her ligg ei 0,7 x 1 m stor blokk. I SSO-kant av røysa ligg ei 0,6 x 1,3 m stor helle. Røysa er tilvaksen med grastorv, og er ikkje lett å avgrense. Det veks 5 furutre på ho.Røysa, Fetts fk.nr. 2/21, avgrensar feltet i NO. Røysa er 4 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg. Ho er mykje tilvaksen med brake og lyng, og er svært vanskeleg å avgrense. Det går ein sti over røysa i V. 2 m V for røysa går eit gjerde som skil plantefeltet og utmarka på Leitet.