Utsjånad: Røysa er 8 m i tverrmål, 0,5 m høg og bygd av opp til 0,60 m store steinar/blokker. Røysa er utkasta. Ho er lynggrodd, men det ligg mykje stein i dagen langs kanten i sør og vest og ein del i nordaust. I austlege kant ligg eit par store steinblokker, og der veks og einer. Det står ei stor bjørk i nordauslege kant.