Totalt 3 hesteskoforma tufter og 7 kolgroper vart funne ved Siplingane i Sogndal kommune ca. 600 m.o.h. Midt gjennom lokaliteten går det ein sti og ein bekk i kryss. Ei kolgrop ligg om lag 10 m får der bekken og stien kryssar. Det vart påvist kol i golvet på alle tuftene. Den eine tufta ligg 20 m frå ei flaggstang og ei hytte. Tufta har opninga langs den eine kortsida. 30 m frå tufta ligg det to kolgroper. Den andre tufta ligg om lag 50 m frå eit sel. Den tredje tufta ligg i nærleiken av tre kolgroper. Lokaliteten har fått tal 28 etter registrering av Kjell Magne Hillestad. Tuftene og kolgropene vil få nøyare oppmåling og skildring etter kvart.