Røysa er kring 20 m N-S og 18 m O-V. Høgda varierer frå ca. 2 m mot N og V til 0,5 m mot O og S. Ho er bygd av 0,3-0,8 m store steinar/blokker. I sørenden av røysa ligg ei 2 m lang og opptil 0,8 m brei blokk. Røysa har eit 2 m vidt og opptil 0,7 m djupt søkk i sørlege del. I nordre del av røysa står det ein varde. Vestlege del av røysa er tilvaksen med lyng og nokre små lauvtre. Elles er røysa naken. Røysa er klårt markert og godt synleg i lendet.På berget V for røysa ligg ein del utkasta steinar/blokker.