Røysa er kring 8 m i diameter og 3/4 m høg. Dei synlege steinane/blokkene måler 20-50 cm. Røysa er for det meste overvaksen av gras, særleg i nordre og søre delen, og ho er såleis lite synleg og dårleg markert. Tett inntil kantane veks bregner og like NV for røysa står eit rognetre.