Røysa fk.nr. 3/1 er 12,5 x 7 m. Ho er orientert O-V. Røysa er bygd av kanta, tildels mosegrodde steinar/blokker med ein storleik på 20-80 cm. I nord- austre del ligg det ei blokk på 2,10 x 0,30 m. Tett opp til røysa på vestre side ligg det ein del steinar på same storleik som dei i røysa. Røysa er 1,50 m høg. Den nemnde blokka er ein mogeleg bautastein. Røysa har nok opphaveleg vore rund.Røysa fk.nr. 3/2 ligg 9 m V for 3/1. Ho er 4 m i tv.m. Røysa er bygd av kanta steinar/blokker med ein storleik på 15-40 cm. Ho ligg inntil ein svabergrygg i nordaust. Røysa er mosegrodd og dårleg markert. I sørlege del er det ein del utkasta stein. Desse ligg delvis på ei hylle nedanfor.Røysa fk.nr. 3/3 ligg 15 m VSV for 3/2. Ho er 6 m i diameter og knapt 0,5 m høg. Røysa er sett saman av kanta steinar/blokker frå 10-50 cm store. I bergskråninga nord for røysa ligg utkasta steinar og blokker. I nordvestre hjørnet står eit rognetre.Røysa fk.nr. 3/4 ligg ca. 6 m VNV for 3/3. Ho er 4,5 m i diameter og er sett saman av kanta steinar/blokker som er til dels mosegrodde. Storleiken på steinane/blokkene er 20-25 cm. Røysa er utkasta i sentrum. I sørlege del ligg det ei steinblokk på 90 cm.