Røysa måler kring 13 m i tverrmål. Ho ligg på ein naturleg kul i lendet og tykkjest difor høgare enn ho venteleg er. Høgda i S er 2 - 2,5 m. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,15 - 0,6 m store. Steinane/blokkene ligg dels nakne i dagen, dels er dei dekte av eit tynt moselag. Frå nordaustre kant går det inn eit omlag 3 m langt og opptil 2 m breitt søkk, orientert NO-SV. Djupna er kring 0,7 m. Røysa har og fleire andre sår og merke etter herjingar, såleis eit omlag 2 m vidt og kring 0,8 m djupt søkk i SO og eit heller grunt, kring 1 m vidt innhogg i SV. Like V for røysa ligg nokre utkasta steinar/blokker. På og ikring røysa veks det nokre store furutre. Røysa er klårt markert og syner godt i lendet.