Fornminnesamlinga strekkjer seg ONO-VSV innan eit 75 x 25 m vidt område.Bautasteinen fk.nr. 9/1 står 10-15 m V for den gamle sjøvegen (her er to vegfar), 40 m SSV for vegens høgaste punkt. Steinen ris 2 m over bakken, han er 30 cm brei og 20 cm tjukk, heller jamn heile vegen. Steinen lutar mot SV.Haugresten fk.nr. 9/2 ligg 40 m O for 1 oppe på eit lite bakkenes. Han er 15 m i tverrmål. Kantane er klårt markerte heile vegen rundt med unnatak av i NV og er opp mot 0,5 m høge. Innanfor kantane går det litt ned att mot den heilt avflata haugtufta.Haugresten fk.nr. 9/3 ligg på eit bakkenes 15 m SSV for bautasteinen, noko lågare enn denne. Haugen er 10 m i tverrmål med tydelege 30-40 cm høge kantar og heilt avflata oppå.Begge haugane er heilt tilvaksne med gras og er ein del av den kringliggjande beitemarka.