Røysa er 8 - 9 m i tverrmål og sterkt tilgrodd med mosetorv og lyng. Avgrensinga blir derfor noko uklår. I V kan røysa vere om lag 0,5 m høg. I ONO, der det er fylt att ei kløft i bergknatten, er røysa om lag 1,5 m høg. Her går det eit om lag 4 m langt, 2 m vidt og opptil 1,5 m djupt søkk inn mot sentrum av røysa. I søkket ligg 0,2 - 0,5 m store steinar/blokker i dagen. Ein del steinar/blokker er utkasta slik at dei ligg ved foten av bergknatten.