Røysa er 27 m lang, 5-6 m brei og opp til 1,75 m høg (i nordlege del). Ho er orientert NV-SO. I den sørlege enden står ein oppreist stein.På austsida er røysa flekt på langs, særleg mykje i sørlegaste delen. I sørlegaste enden står berre ytterkantane att. Der ligg óg ein del mosegrodd stein framme i dagen. Røysa er elles dekt av tjukk mose- og lyngtorv. Der gror bjørk, rogn og einer på røysa.