Haugen fk. 1/1 er 11 m i tverrmål og 1 m høg. Haugen er dekt med gras og mosetorv. I toppen er det eit grunt søkk, godt ein meter vidt. Heile haugen er tilvaksen med grantre. Haugen fk. 1/2 er 12 m i tverrmål og 0,5 m høg. Haugen er heilt dekt med grastorv. I midten er det eit grunt søkk og han er utkasta mot N. I utkastet stikk det steinar i dagen. N for haugen veks det grantre, på dei andre kantane er han omgjeven av gamal grasmark. Haugen fk. 1/3 er 11 m i tverrmål og 1 m høg. Haugen er dekt av mose og lyngtorv. I toppen er det eit grunt søkk, kring 2 m vidt. Haugen er heilt tilvaksen med buskar og grantre.