Haugane er omlag 5 m i tvm, 1 m høge og lynggrodde. Berre den sørlengste, nr. 5, synest skadd, der er tatt noko av sida mot leikeplassen. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Fleire av haugane har vorte skada av skogsvegar gjennom området. Alle vegane er overgrodde, så skade på haugane må ha skjedd for fleire år sidan. Mykje overgrodde, og verkar i dag noko tvilsomme. Dei har nok vore tydelegare på 1950-talet.