Frå Per Fett: "Pikhaug" ligg 10 m NO for stova. Han er 22 m i tvm., 3,5 m høg. På toppen er ei 8 m brei flate utjamna før 1838, då her stod ein benk. Tjukt torvdekke. N 4. Herfrå er B3051. Aksdal 1997: Haugen vert kalla ¿Pikhaug¿ og er før målt til å vera 22 m i tverrmål og 3,5 m høg. Haugen er kunstig flata ut på toppen. Vurdering: På haugen veks det i dag gamle lauvtre, og desse veks slik at haugen i verste fall kan verta skadd av rotvelter. Kulturminnet mister og mykje av dimmensjonane og ei tynning av trea er difor ynskjeleg. Haugen ligg slik til at ein med enkle midlar kan gjere den til eit attraktivt kulturminne gjennom skilting og skjøtsel. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Tilstanden til kulturminnet har ikkje endra seg sidan det sist vart kontrollert (1997).