Frå Per Fett: Røysa er kring 8 m i tverrmål og kring 0,5 m høg. Tett vegetasjon veks heilt inn til kanten kring røysa slik at ytterkanten er vanskeleg å følgje. Ho er bygd av kanta, nakne steinar/blokker, 30-60 cm store. I midten er eit godt 3 m vidt og nær 0,5 m djupt søkk. Frå J. Aksdal, 2004: Slik røysa ligg i dag er den vanskeleg tilgjengeleg. Området er i dag ikkje nytta til beite og røysa er i ferd med å gro ned. Større tre i røysa og i kant av den kan skade den gjennom rotsprengning og rotvelter. Røysa bør ryddast for tre og buskar, men at me lar lyngen få vekse for å hindre eventuell erosjon av jordsmonnet på staden.