Lokaliteten ligg i eit område som er gjennomskori av småe N-S gåande og O-V gåande dalføre. Rett før møtepunktet mellom to slike dalføre dannar det seg ein vel meter høg terrassekant, og innpå denne ligg ei 12.5 x9.5 m vid flate, orientert N-S. Flata er i dag lett tuete og tilvaksen med gras, lyng og sprake. Tidlegare har her vore åker og prøvestikka gav alle eit 20-30 cm djupt lag med åkerjord under torva før ein kom ned på brunfarga grus og sand. Funna B 7710 og B 8365 er plukka opp i denne åkeren og grunneigaren har også i seinare år funne flint her. Under registreringa vart det teke 8-10 prøvestikk spreidde kring på flata. I tre av desse vart det funne fem avslag av flint og eit av bergkrystall. Funna vart gjort i omrota lag. Lokaliteten har truleg strekt seg over heile flata, men bruken av området som åker tykkjest ha skipla alt av opphaveleg lagfylgje, slik at urørte kulturlag venteleg ikkje lenger er å finna.