Røysa er bygd av steinblokker fra 0,6-1,6 m store. Ho er tildels mosegrodd, elles er det berre naken stein. Røysa ligg i sterkt hallande lende (45° ca.), og ho er noko nedrasa, men tverrmålet tykkjest vera kring 12,5 m og ho er 1,5 m høg. Stein er kasta ut frå nedre del. Røysa ligg ved foten av ei bratt skråning omkransa av høg einer, gras og lyng.