Lokaliteten ligg i eit O-V gåande søkk mellom to mindre hamralag. Han ligg 15-20 m SO for næraste høgspentmast. Funnområdet er etter måten flatt, tilvakse med gras, lyng og enkelte små brakebusker. Funnområdet er kring 14x7,5 m vidt. Over området går det ein gangsti som markerer seg ved to-tre furer i marka. I desse furene er vegetasjonsdekket bortslite, og her vart dei fleste artefaktene funne. I tillegg til overflateinnsamling vart det teke 14 prøvestikk. To av artefaktene vart funne i prøvestikk. Det funnførande laget tykkjest liggja innan utvaskingslaget. Det eine funnførande prøvestikket hadde følgjande lagdeling: 10-12 cm torvlag, 3-12 cm utvaskingslag som gjekk over i eit markant anrikingslag. Utvaskingslaget var her kolhaldeg med til dels klare kolhaldege striper. Kolhaldege flekker i utvaskingslaget vart observert i fleire av prøvestikka. Funna vart gjorde spreidde innan heile lokaliteten.Lokaliteten synest ikkje vera gravingsverdig.