Samlinga ligg i ein trekant som er 20 x 20 x 25 m. Røysa, Fetts fk.nr. 2/16, ligg lengst mot N. Den vestlege halvdelen av ho ligg i plantefeltet, medan dei to andre, Fetts fk.nr. 2/17 og 18, ligg lenger ned på flata. Fetts fk.nr. 2/16 ligg kant i kant med bytet mellom bnr. 4 og bnr. 10. Røysa er 6,5 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg. Ho er utkasta i midten og uklårt markert langs kantane. Bygd av steinar/blokker 0,2 - 0,6 m store. Det er gamalt nettinggjerde tvers over røysa orientert N - S.Røysa, Fetts fk.nr. 2/18, ligg 3 m S for Fetts fk.nr. 16. Ho er 9 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg. I midten av røysa er det eit 2,5 x 2 m vidt og 0,3 m djupt søkk. Røysa er sterkt tilvaksen med einer og lyng, og ytterkantane går difor i eitt med omgjevnaden. Ho er bygd av steinar blokker på 0,1 - 0,6 m.Røysa, Fetts fk.nr. 2/17, ligg 10 m O for Fetts fk.nr. 18. Ho er 8 m i tverrmål, og knapt 0,5 m høg. Røysa er sterkt tilvaksen med lyng og einer, og er difor vanskeleg å avgrense. Ho er utkasta og bygd av steinar/blokker som er frå 0,1 - 0,4 m store.