Røysa er om lag 20 m i tverrmål N - S og 17 m O - V. I SO, der tyskarane murte opp ei skytestilling, er røysa om lag 1,5 m høg medan kanten av røysa i V går mest i eitt med terrenget. Røysa er bygd av 0,1 - 0,8 m store, tørre steinar/blokker som er noko tilgrodde med mose. Kantane av røysa er tilvaksne med lyng. I vestlege del av røysa er det lagt opp ein haug med steinar/blokker frå røysa. Haugen måler om lag 6 x 5 m, orientert NV - SO, og er opptil 1,5 m høg i sørvestlege kant av røysa.