Røysa er om lag 25 m i tverrmål. I nordlege del av røysa ligg det att ein skalk med 0,2 - 0,5 m store steinar/blokker. Skalken er om lag 2 m høg sett frå S. Elles er det mest berre foten av røysa som ligg att. Kanten i nordlege halvdel av røysa er klårt markert, medan markeringa i sørlege halvdel er meir uklår. Røysa er sterkt tilvaksen med grastorv. Ved vestre kant av skalken veks det eit rognetre, medan det ved den austre kanten står ei osp.