Noko nøyaktig avgrensing av feltet er i dag uråd å gje, men røysene ligg truleg stort sett innan eit 100 x 75 m vidt område, orientert NV - SO. Ved Fett sine registreringar for over 30 år sidan, var lyngen avsvidd og det vart då påvist minst 45 røyser, eller rettare, runde steinleggingar på berre ei steinrast. Dei fleste vart funne å vere 3 - 4 m i tverrmål, men nokre var opp i 6 m og nokre ned til 1 m. Området er i dag tilvakse med einer og kratt og nyplanta små grantre. Røysene er difor ikkje lenger moglege å skilje ut nøyaktig, men under dei fleste tettvaksne lyngtuene merkar ein steinleggingane.