Røysa er 11 m i tverrmål og opp til 1,5 m høg. I nordlege del er att ein lynggrodd skalk, elles er røysa sterkt utkasta og heilt låg. Steinane er delvis dekte av mose, særleg i sørvestlege del. Det veks eit par bjørker og ein hassel i sørlege kant av røysa.
------------
Det vart gjort skjøtsel på grava i 2019. Brandal vel har teke ned tre av bjørk og hassel. Det er no betre sikt frå Røysa og utover fjorden.