Røysa er kring 12 m i tverrmål, opptil 1,5 m høg sett frå SV og bygd av 0,1 - 0,8 m store steinar/blokker som for ein stor del er tilvaksne med mose og lav. NO del av røysa er utkasta og røysa er elles noko omrota. I sentrum ar røysa er der ei kiste som er orientert NNV-SSO. Kista er for ein stor del fylt av stein slik at nøyaktige mål er vanskelg å oppgje. Ved austre kant av kista ligg ei kring 1,4 m lang, 1 m brei og 0,15 m tjukk helle. I sentrum av røysa står det ei bjørk og langs kantane av røysa veks det lauvtre.