Lokaliteten har ei utstrekning på kring 30x15 m og ligg innan den øvre delen av fjøra i Vikja. Dei fleste funna låg i eit 5 m breitt belte ved flomålet. I tre av fire prøvestikk som vart tekne frå 1 til 10 m O for flomålet, vart det gjort funn av same slag som i sjølve strandbeltet. I prøvestikka låg funna i strandsediment frå toppen og 30 cm ned. Alle prøvestikka låg lågare enn 1 m over flomålet.Funnmaterialet frå denne lokalteten skil seg frå dei andre strandlokalitetane i Brandsøyområdet ved at her ikkje berre er knakkesteinar og emne og avslag av diabas, men også slipeplater og avslag av flint, skifer og kvartsitt. Deler av materialet er difor truleg utkasta eller naturleg transportert frå lokaliteten Vikja I, som ligg ovanfor.